Politiet har lagt vekk 163 av 174 valdtektssaker

POLITIET: Berre ti av valdtektssakene som Vest politidistrikt har etterforska, enda i retten.

DEL

For å få unna det store etterslepet av mange valdtektssaker, oppretta Vest politidistrikt ei eiga spesialgruppe for to år sidan.

Av dei 173 sakene gruppa har etterforska, enda berre ti av dei i tiltale.

Det melder VG, som har gått igjennom sakene gruppa har hatt oppe i denne perioden.

Polite omtalte sjølv gruppa som ein suksess i eit intervju med Bergens Tidende i juni 2018.

– En lang periode hadde vi til kvar tid minst 155 valdtektssaker som ikkje var avgjort. No er situasjonen langt betre, og det blir stadig færre gamle saker. At gruppa blei oppretta har utan tvil vore ein suksess, sa politiinspektør May-Britt Erstad til Bergens Tidende då.

125 av sakene blei lagt vekk fordi påtalemyndigheitene meinte av bevisa ikkje var gode nok til få ein fellande dom.

– Dette er et lågt tal tiltaler. Såpass lågt at vi må sjå nærmare på kvaliteten her, seier visepolitimeister Ida Melbo Øystese til VG.

Sirkusartist manipulerte unge jenter til seksualiserte handlingar. Skal sone åtte månader i fengsel

– Ho er ei ung jente som må stå i det som har skjedd. No treng ho ro  

Tre menn sikta for gjengvaldtekt i Sogn 

Då Andrea var 18 år fekk ho livet snudd på hovudet etter ein fest i Hemsedal 

Artikkeltags