Marius jobbar i bransjen med lågast snittløn

RØKTAR: Marius Grinden stortrivst i jobben, men synest løna er for låg.

RØKTAR: Marius Grinden stortrivst i jobben, men synest løna er for låg. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

Sjå lista over dei 25 dårlegast betalte yrka her.

DEL

Tariff-forhandlingane mellom LO og NHO, om korleis lønningane i privat sektor skal bli det neste året, er over. Resultatet er sendt ut til LO-medlemmane som skal sei anten ja eller nei til dette før 27. april.

Det skriv frifagbevegelse.no.

Vi har sett på kva yrke som ligg heilt nedst på lista over gjennomsnittsløna i Norge. Der finn vi hjelpearbeidarar i husdyrproduksjon, eller rettare sagt avl.

Dette er dei 25 yrka med lågast lønn

1. Hjelpearbeidarar i husdyrproduksjon: 25.560 kroner

2. Hjelpearbeidarar i kombinasjonsbruk: 25.630 kroner

3. Hjelpearbeidarar i nyttevekstproduksjon: 25.640 kroner

4. Intervjuarar (for meiningsmålingar): 25.910 kroner

5. Gatekjøkken- og kafémedarbeidarar mv.: 26.890 kroner

6. Bartendarar: 27.120 kroner

7. Servitørar: 27.280 kroner

8. Plante- og husdyrprodusentar (kombinasjonsbruk): 27.430 kroner

9. Servicemedarbeidarar (bensinstasjon): 27.530 kroner

10. Kjøkkenassistentar: 28.030 kroner

11. Melke- og husdyrprodusentar: 28.570 kroner

12. Varepåfyllarar: 28.590 kroner

13. Hotellresepsjonistar: 28.800 kroner

14. Bingovertar, bookmakarar mv.: 29.270 kroner

15. Frisørar: 29.600 kroner

16. Dyrepassarar og – trenarar mv.: 29.660 kroner

17. Andre handverkarar: 29.700 kroner

18. Reinhaldarar i private heimar: 29.800 kroner

19. Hjelpearbeidarar i gartneri mv.: 29.950 kroner

20. Dyrepleiarar: 30.440 kroner

21. Innbindarar mv.: 30.590 kroner

22. Reiseleiarar og guidar: 30.600 kroner

23. Reinseri- og vaskerimaskinoperatørar: 30.620 kroner

24. Butikkmedarbeidarar: 30.740 kroner

25. Bilvaskarar: 30.830 kroner

Månadsløna omfattar avtalt løn, uregelmessige tillegg og bonus. Overtidsgodtgjersle er ikkje medrekna. Det kan vere store lønsforskjellar i dei ulike yrka. For dei som jobbar deltid, har SSB rekna om løna til kva den ville vore for ein som jobbar heiltid.

– Altfor låg løn

Marius Grinden har visst kva han ville leve av heilt sidan han var barn: jobbe med dyr. Og det har han gjort i fleire år, i avlsbedrifta Geno. Han har ein jobb han trivst veldig godt med.

Det er berre ein ting. Løna. Den syns han er for låg. Sjølv er han rett nok røktar, ikkje hjelpearbeidar, og har dermed høgare løn enn det som er snittet for dei. Han får omkring 32.000 kroner i månaden før skatt. Hjelpearbeidarar i husdyravl har i gjennomsnitt 25.560 kroner i månaden, ifølge Statistisk sentralbyrå.

Det er svære dyr han og kollegaene har med å gjere. Dei største avlsoksane veg rundt 1200 kilo, fortel han. Vi er veldig nøye med sikkerheita, seier han. Dyra veljast ut med omhug. Det er nemleg langt frå alle kjekke oksar som får lov til å formeire seg. Ein av dei viktigaste eigenskapane er at dei er rolege. Men noko risikotillegg har ikkje Grinden og kollegaene.

– Korleis reagerer du på at hjelpearbeidarar i husdyrproduksjon ligg heilt nedst på lista over gjennomsnittsløna i Norge?

– Det er dårleg løn. Det er ein viktig jobb vi gjer. Vi er med på å halde det norske landbruket i gang. Eg er lite fan av import, seier Grinden.
 

Søk i lønnsstatistikken

Om du går inn på nettsida til Statistisk sentralbyrå kan du sjølv legge inn eit meir detaljert søk, og finne ut kva som er snittløna i privat eller offentleg eigd føretak, om du jobbar i staten eller kommunen, om du jobbar heiltid eller deltid. Og om du er mann eller kvinne – så kan du sjekke lønsforskjellane mellom menn og kvinner også.

Tidlegare baserte SSB sin lønsstatistikk på mange verksemder. No er alle verksemder med. Det skjer gjennom den såkalla A-ordninga som betyr at arbeidsgjevarane sender opplysningar om alle tilsette si løn, arbeidstimar, yrke og næring til Skatteetaten, Nav og Statistisk sentralbyrå.
 

«Kaksedagen»

Vi finn ikkje direktørane på lista over yrka nedst på lønsstigen.

FriFagbevegelse har gått gjennom årsrekneskapa til dei 100 største selskapa i Norge og publiserte tidlegare i år ei oversikt over lønningane til toppsjefane: I snitt har dei ei årsløn på 6,7 millionar kroner. Det betyr at dei brukar 21 dagar på å tene inn ei gjennomsnittleg norsk årsløn. Tysdag 30. januar var dermed kaksedagen 2018. (ANB)

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken