Sirkusartist fall sju meter rett ned under Cirkus Agora si førestilling

DEL

Politiet i Møre og Romsdal melder at ein sirkusartist fall ned om lag 7 meter under ei førestilling i Molde.

Dei legg til at dei held på med avhøyr og undersøkingar på staden.

I tillegg til sirkusartisten som fall er ein person frå publikum blitt skadd.

– To personar er køyrde til sjukehus i ambulanse. Ingen av dei er livstruande skadde, melder politiet i Møre og Romsdal.

Tilskodaren har fått kuttskadar i hovudet, og artisten har fått skade i eit bein, skriv politiet på sin Twitterkonto.

Det var avisa rbnett som først melde om saka.

Artikkeltags