Vann kåring av minste hjortebukk

MINST: Slaktevekta på sekstaggaren er 41 kilo. Bukken er den med nest lågast slaktevekt i konkurransen, men juryen meinte bildet fortente førsteprisen. Det er ein jaktkamerat av Øyvind Stamneshagen som er med på bildet, ikkje vinnaren sjølv.

MINST: Slaktevekta på sekstaggaren er 41 kilo. Bukken er den med nest lågast slaktevekt i konkurransen, men juryen meinte bildet fortente førsteprisen. Det er ein jaktkamerat av Øyvind Stamneshagen som er med på bildet, ikkje vinnaren sjølv. (Foto: )

JAKT: Dei store bukkane må få brøle i fred. Elles går det utover hjortebestanden.

DEL
<div id='netboard-1'> <script> googletag.cmd.push(function() { googletag.display('netboard-1'); }); </script> </div>

Tilbod: Firda i 5 veker for 5 kroner!

– I dag er det gjævast å skyte store dyr. Dess større dess betre. Det er feil fokus dersom vi skal tenke på forvaltning, seier Kristian Myrmel.

Han har i fleire år arrangert ein eigen konkurranse for jaktbilde av småbukkar, som eit lite stikk til dei som alltid kårar dei største.

Dersom dei store bukkane ikkje er der for å brøle, kjem kollene seinare i brunst.

– Då blir kalvane seinare fødde og går glipp av dei mest næringsrike spirene. Det er ein vond sirkel som vi kan gjere noko med, seier Myrmel.

Helst vil Myrmel at skrapdyra skal ut av sirkulasjon. Dei som gjerne ikkje ville overlevd vinteren, eller blitt tatt av rovdyr. Slik får dei som har best potensial mogleg til å utvikle seg og spreie genane sine.

Ung bestand

Han meiner hjortebestanden er for ung. Difor meiner han jegerane bør velje yngre dyr, så sant dei har høve til det. Mange faktorar avgjer på jakt, og det er ikkje alltid mogleg å velje. Dessutan skal ein ikkje slutte å skyte store dyr.

– Alle må få skyte ein skikkeleg bukk ein gong i livet, men om det blir ei årleg avhengnad, då er vi ille ute.

– Ja, han har nok rett i det. I skogen er det ikkje alltid så lett å velje, men det er nok sunt for stammen å ta ut dei minste dyra, seier Øyvind Stamneshagen.

Han stakk av med førstepremien i årets utgåve av konkurransen. Nytt av året er at bildet også er med i juryen si vurdering. Slaktevekta på 41 kilo var nest lågast av dei som var med i konkurransen, men bildet stakk av med sigeren.

Stamneshagen er frå Garnes, men jaktar som regel i Gulen.

– Det er ein lidenskap. Det er veldig kjekt, og så er det sunn, økologisk og god mat.

<div id='outstreamvideo'> <script> googletag.cmd.push(function() { googletag.display('outstreamvideo'); }); </script> </div>

Endra syn

Om det er konkurransen som gjer det, er vanskeleg å seie, men Myrmel merkar seg at fleire og fleire tenker som han.

– Konkurransen har ikkje så mange deltakarar, men eg ser på sosiale medium at fleire tenker slik. Om nokon legg ut eit skrytebilde, kjem kommentarane raskt om at denne hjorten burde fått leve.

Øvvind Stamneshagen, her saman med ein noko større bukk, meiner også at ein i større grad bør tenke over kva dyr ein skyt.

Øvvind Stamneshagen, her saman med ein noko større bukk, meiner også at ein i større grad bør tenke over kva dyr ein skyt. (Foto: )

Artikkeltags