I eit og eit halvt år har dei jakta på ulven utan hell. No har Stein eit nytt triks på lur

Ulven som har gjort skade på beitedyr dei siste åra bør fellast før beitesesongen. Det gjorde at jaktleiar Stein Mortensbakke la hovudet i bløyt, og no har han kjøpt 10.000 meter med flaggline for å sperre ulven inne.