Svindlarar gjev seg ut for å vere Telenor

BILDE: Slik skal den ekte nettsida sjå ut.

BILDE: Slik skal den ekte nettsida sjå ut. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

SVINDEL: Dei er ute etter personopplysingane dine. Og nettsida kan framstå som truverdig.

DEL

Svindlarane sender ut falske epostar om at du må logge deg inn på Mine Sider for å sjå siste mottekne melding. Målet deira er å få tak i fødselsnummeret, telefonnummeret samt passordet ditt til Mine Sider på nettsida til Telenor. Bildet øvst i saka viser korleis den ekte sida til Telenor skal sjå ut.

Det er viktig å kontrollere nettadressa om du er usikker. Slik kan du unngå svindel. Til dømes vil adressa til Telenor sjå slik ut i søkjefeltet: «https://www.telenor.no».

Svindelen vart oppdaga av Telenor onsdag kveld

– I Førde er det enno for tidleg å seie om folk har vorte råka, men det er tenkeleg, seier Daniel Levy, dagleg leiar i Telehuset Førde.

Han oppmodar folk om å generelt vere årvakne til epostane dei får.

– Ver kritisk til eposten om den er skriven på dårleg norsk. Og sjekk om avsendar faktisk er den dei utgjer seg for å vere. I mange tilfelle står det ofte feil i avsendaradressa, noko ein ikkje legg så lett merke til, fortel Levy.

Endringane han snakkar om kan til dømes sjå slik ut: kundeservice@telenoir.no. Her er det lagt inn ein «i» som er lett å oversjå.

Trygge sider

– Unngå å oppgje personlege opplysingar til sider som startar med HTTP. Ei trygg side skal vere med HTTPS: og er ofte markert i grøn skrift, seier Levy.

Han råder folk til å oppdatere programvara på datamaskinane sine.

– Om du ikkje har basetryggleiken i orden og brukar gammal programvare, er det ikkje sikkert at HTTPS er trygt nok. Skriv heller inn nettadresser i nettlesaren framfor å trykkje på linkar du får tilsendt, seier Levy.

Phishing

Denne forma for svindel vert kalla for «phishing»; eller nettfiske på norsk. Og går ut på at svindlarar lokkar deg for å få tak i sensitiv informasjon og personopplysingar.

– Kontroller at avsendaradressa er korrekt skriven og gå nøye gjennom epostar du oppfattar som mistenkelege. Om du trur du har vorte svindla, ta kontakt med ein du stolar på som har peiling på data, seier Levy.

Artikkeltags