– Dette er ein sfiah, den er kjempegod! seier Ayham Mohamad Ali Kojok (33), opphavleg frå Homs i Syria. Den som vil vite kva matretten er, må møte opp ein torsdag på Café Aroma i Strandgata i Florø.
Då står Ayham bak disken og lagar til dagens spesial, slik han har gjort kvar torsdag dei siste fire månadane. Sfiahen ser ut som ein liten pizza utan ost og er toppa med ein kjøtblanding av kjøtdeig og grønsaker.
Språkpraksis
Det er takka vere norsksenteretet i Florø at du no kan smake syrisk mat. Ayham er på kafeen på språkpraksis, ein del av det obligatoriske introduksjonsprogrammet som alle flyktningar med opphaldsløyve må gjennom.
– Det er ein viktig del av norskopplæringa at dei får prøve seg utanfor skulebenken. Dei får kjennskap til norsk arbeidsliv og arbeidstrening, seier Silje Jansen Nybø, rådgjevar ved norsksenteret i Florø.
Ayham kjem frå den sundskotne storbyen Homs, men har stor familie allereie i Sunnfjord. I tillegg til foreldre har han fire brør i Florø, og ytterlegare ein bror og ei søster på mottaket i Førde.
Samfunnsansvaret
– Vi skjønar ikkje alltid kva rettane er. Eg har ikkje smakt denne enno, men eg gler meg til å prøve, seier Karianne Torvanger, medeigar på Aroma Café og kontaktperson for Ayham. Ho siktar til Sfiahen som står på benken.
– Det var litt misforståingar i byrjinga, men no merkar vi stor forskjell. Han lagar mat, kokar kaffi, vaskar og ryddar, serverer og ekspederer, seier Torvanger.
– Vi føler litt på samfunnsansvaret vårt. Vi vil gjerne hjelpe dei og det er mykje lettare å lære språket når ein er i dagleg arbeid. Viss dei ikkje lærer språket og samfunnet vårt å kjenne, vert dei ikkje integrert. Dette er heilt avgjerande, seier Torvanger.
Ikkje skummelt
Forutan å drive kafé sit ho som leiar i levekårsutvalet i bystyret og hovudutvalet for opplæring på fylkestinget, og har difor ein politisk tanke bak.
– Bedriftene må bli flinkare til å tilby seg å ha språkpraksis. det er ikkje skummelt i det heile tatt! Vi som er glade i byen vår vil jo sjølvsagt også at andre skal bli det, seier Torvanger.