Vi har sett gjennom over 300 nominasjonar, plukka ut dei 12 beste Instagram-profilane og no har stemmene avgjort kven som går vidare.

Dei to som stakk av med flest stemmer av desse var #Lillianherland og #Hikingbullies.

Desse blir to av 100 som nasjonalt skal kjempe om å vere Norges beste på Instagram.

Lillianherland er ein 25-åring som flytta frå Sotra og til Solund. Ho legg ut natur- og kvardagsbilde frå ulike stader, men hovudtyngda i Solund.

#Hikingbullies er førdianaren Oda Hjelmeland (30) sin profil, kor ho legg ut bilde av hundane sine på alle slags fjelltoppar, ofte iført søte kostyme.

Gjennom veke 49 skal dei 100 finalistane kuttast ned til 50. Til helga same veke skal talet ned til 20. Deretter blir ein deltakar fjerna kvar dag til det står igjen 12. Veka før jul blir det finalar til det står igjen to. Vinnaren blir kåra i romjula.