NRK: Mann sikta for 16 innbrot på Vestlandet

Politiet arresterte mannen tysdag.

DEL

Det skriv NRK Sogn og Fjordane.

– Han er sikta for grovt tjuveri frå bustad i både Sogn og Fjordane og Hordaland, seier etterforskingsleiar Stine Mari Vårdal.

Politiet meiner å knyte mannen til 16 innbrot.

– Vi har i alle fall pågripe og sikta ein person og meiner at vi har ei sak mot han, seier Vårdal som ikkje vil seie kor dei arresterte mannen.

For litt over ei veke sidan arresterte politiet i Førde to rumenarar. Dei vart varetektsfengsla i to veker, men vart sleppte fri etter to dagar.

Mannen som no er sikta er ikkje blant desse, seier ho.

Tips Oss
MMS: FITIPS til 2005 EPOST: redaksjon@firda.no TLF: 57 83 33 33 Send video

Artikkeltags