Innbrot i hus i Askvoll – politiet ønskjer tips

VIL HA TIPS: Åge Løseth er tenestestadsleiar for politiet Fjaler, Askvoll og Hyllestad.

VIL HA TIPS: Åge Løseth er tenestestadsleiar for politiet Fjaler, Askvoll og Hyllestad. Foto:

Då dottera tilfeldigvis kom innom, oppdaga ho at det hadde vore ubedne gjestar i huset til foreldra.

DEL

– Innbrotet har skjedd mellom klokka 13.00 og 20.30 tysdag, altså på den lysaste tida av døgnet. Vi ønskjer å kome i kontakt med folk som har vore i området som kan ha sett eller høyrt noko.

Det seier politiførstebetjent Åge Løseth i Fjaler, Askvoll og Hyllestad.

Huset som har hatt innbrot ligg i Storehaugsvegen, som er eit byggefelt i Askvoll sentrum. Innbrotet vart oppdaga av dottera til dei som bur i huset. Eigarane sjølv er på ferie.

Ifølgje politiet har det meste fått stå urørt i huset, og at det berre er få verdiar som er borte.

– Vi vil likevel ha tak i den eller dei som har gjort det, seier Løseth.

Natt til søndag var det innbrot på butikken Trapp Ned i Førde. Også Heidi Nyhammer som bur like ved, opplevde at nokon prøvde å bryte seg inn hos ho.

Hos Sunnfjord Elektro klarte tjuvar å låse opp bilen ved å stikke hol i ei lasteromsdør. Tjuvane fekk med seg verktøy for rundt 40.000 kroner.

– Har innbrotet i Askvoll ein samanheng med innbrota i Førde?

– Det veit vi ikkje, men vi utelukkar det ikkje. Vi har difor vore i kontakt med politiet i Førde, svarar Løseth.

Om du har tips i saka, ber politiet at du tek kontakt med lensmannskontoret i Dale på 57 73 99 50 (før klokka 15.00) eller ringer 02800.

Tips Oss
MMS: FITIPS til 2005 EPOST: redaksjon@firda.no TLF: 57 83 33 33

Artikkeltags