Inga fare for tunnelkollaps likevel

Artikkelen er over 5 år gammel

Det skal ikkje lenger vere fare for at tunnelen kan kollapse.

DEL

SISTE: Statens Vegvesen melder at det ikkje er mogleg å seie noko om skadeomfanget i tunnelen, men at det er lite fare for at den skal kollapse.

- Kor store skaden er veit vi ikkje før våre fagfolk har undersøkt tunnelen. Det er likevel ingen grunn til å tru at tunnelen vil falle saman. På staden der tankvogna brenn er det minimum 40 meter fjell over, seier fungerande avdelingsdirektør i Sogn og Fjordane, Margot Aase Åsebø.

- Vi fekk beskjed om at det hadde begynt å sige inn store mengder vatn. Dette ser ut til å vere feilinformasjon. Varmen har ødelagt ein vassmålar. Dette førte til at pumpene starta og tømde eit vassbasseng som alt ligg under tunnelen, seier Thorbjørn Thue, innsatsleiar på staden, til NRK.

Politiet meldte tidlegare at dei hadde trekt alt hjelpemannskap ut av tunnelen fordi det rann vatn inn i tunnelen og dei frykta den skulle kollapse.

– Frykta bygger på at vegvesenet opplyser om auka vasstand. Kor mykje veit vi ikkje, men vi fryktar at det skal eskalere, difor trekker vi no ut alt mannskap, sa politiadvokat Jørn Refsnes til Firda.

Tunnelen skal vere tom for folk

Det står framleis att 300 meter av tunnelen som ikkje er gjennomsøkt. Dette er i området der røyken kjem frå.

– Vi har ingen grunn til å tru at det er folk i denne delen av tunnelen, seier Refsnes.

16.500 liter bensin

Ein tankbil mista hengaren sin i den undersjøiske Skatestraumtunnelen i Bremanger på fv. 616.

Hengaren har hamna i fjellveggen og eksplodert. Det skal vere 16.500 liter bensin i bilen, som no står i brann.

Tankbilføraren kom seg ut og fekk snudd trafikken: – Eg såg hengaren eksplodere, seier han til Firda.

Quirinus Adrichem og kona skulle akkurat til å køyre inn i tunnelen då tankbilføraren kom mot dei. Han har filma åstaden.

13 kom seg ut

Politiet i Sogn og Fjordane melder kring klokka 11.30 om at helse, brann og politi er på staden. 13 personar har berga seg ut av tunnelen på Bremanger-sida (sørsida). Desse er sjekka for røykskader, og det er så langt ikkje meldt om at nokon er hardt skadde.

Brannen er ikkje sløkt, og redningsarbeidet held fram på staden.

Politiet har evakuert seks personar frå hamna på nordsida (Rugsund) og tre personar frå hus som ligg aust for tunnelen.

Seks til sjukehus

Seks personar som har pusta inn røyk er sende til Førde Sentralsjukehus. Ingen er hardt skadde, melder politiet.

Firda oppdaterer saka

Tips Oss
MMS: FITIPS til 2005 EPOST: redaksjon@firda.no TLF: 57 83 33 33

Artikkeltags