Bortnetunnelen i Bremanger og Kvernhaugtunnelen i Høyanger har fått dekning med både 2G, 3G og 4G.

Vegstrekka mellom Leirgulen og Bortnetunnelen, samt Bortnepollen, skal også få betre dekning.

– Det er viktig at vegstrekker og tunnelar har same dekning og kvalitet som resten av landet. Tryggleiken i tunnelane blir betra ved at vi dekker med fleire ulike teknologiar, seier Dag Wigum, teknisk direktør i Telia Norge i ei pressemelding.

I Solund har ny basestasjon betra dekninga kring Hersvikbygda. Sjå kartet øvst i artikkelen. Myklebustdalen i Gloppen får også eit løft.

– Vi har planar for rundt elleve nye basestasjonar i Sogn og Fjordane neste år. I tillegg kjem det kanskje dekning i fleire tunnelar og på industriområde, seier Ellen Scheen, kommunikasjonsrådgjevar i Telia.

Mange av dei eksisterande basestasjonane skal oppgraderast frå 4G til 4G+. Det betyr at stasjonane kan utnytte fleire frekvensar i staden for berre ein. Ifølge Telia betyr det ei dobling av kapasiteten. Maksimal teoretisk datafart er 375 Mbit/s.