Trass i skyhøge straumprisar brukar vi meir straum enn nokosinne

HØGT FORBRUK: Prisane på straum er høge, men det ser ikkje ut til å bry folk flest.

HØGT FORBRUK: Prisane på straum er høge, men det ser ikkje ut til å bry folk flest. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Vi brukar meir straum enn nokosinne, viser tal frå NVE. Førebels er det få teikn til at folk har begynt å spara på straumen sjølv om prisane er skyhøge.

DEL

Så langt i år er forbruket 2,8 prosent høgare enn på same tid i fjor, opplyser rådgjevar Martin Andreas Vik i Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) til NTB. Held trenden fram, vil det vera tredje året på rad med ny rekord i straumforbruket.

Det er særleg den kalde våren som har drege opp straumforbruket i år totalt sett. Ein annan viktig grunn er at norsk økonomi går godt.

– Ein god del av økonomien er basert på kraftkrevjande industri, seier Vik.

Andre moglege årsaker til det auka straumforbruket kan vera auka befolkning og fleire elbilar på vegane.

Prisen opp

Den tørre sommaren gav 40 prosent mindre nedbør i norske kraftmagasin enn normalt i andre kvartal. Regnet den siste veka har ikkje hjelpt nemneverdig; den siste veka har fyllingsgraden i vassmagasina stått på staden kvil på 65,5 prosent, landet sett under eitt, viser fersk statistikk frå NVE.

Dette har igjen ført til auka straumprisar. I store delar av landet er det tolv år sidan straumprisane var like høge i august som i år.

Men førebels ser NVE få teikn til at dette har fått folk til å redusera straumforbruket.

– Med haust og kaldare tider i vente har folk på nytt teke til å skru på panelomnane sine, peikar Vik på.

Mykje å spara

– Folk tek først til å spara når dei får rekninga i postkassa, meiner kommunikasjonssjef Eiliv Flakne i Enova. Ifølgje energirådgjevingsselskapet kan det vera mange tusenlappar å spara på enkle tiltak.

Med vedutsala merkar allereie større pågang.

– Vi sel mykje meir ved no enn på same tid i fjor, seier Åsmund Andersen ved Oslo Vedhandel til NTB.

Samtidig skal ein ikkje mange år tilbake før straumprisane var endå høgare enn i dag. I februar 2010 nådde spotprisen fleire stader i landet opp i nesten 80 euro per megawattime, mot i overkant av 50 euro i august, viser statistikk frå NordPool.

Ny normal?

Førebels ser det ikkje ut til at straumprisane vil gå særleg ned med det første, ifølgje Vik.

– Vi reknar med at prisane først vil vera nede på normalen neste sommar, seier NVE-rådgjevaren.

Men kva som faktisk er normalen, er eit godt spørsmål, medgjev han.

– Vi kan nok seia at normalen har flytta seg oppover. Globalt sett har energi blitt dyrare på grunn av mangel.

I tillegg har strengare klimapolitikk og høgare CO2-avgifter auka prisen på fossil energi, noko som gjev større etterspurnad etter rein, norsk vasskraft.

– Det driv også prisane oppover, seier Vik.

Artikkeltags