Gå til sidens hovedinnhold

Store delar av fabrikken er totalskadd

Artikkelen er over 4 år gammel

Det brann i timevis i krabbefabrikken på Herland på Atløy. Fleire delar av bygget skal vere totalskadd, og naboar vart evakuerte.

Siste: Klokka halv to melder politiet at brannvesenet har kontroll over brannen, og arbeider med ettersløkking i fabrikken som har stått i fyr og flamme sidan tidleg laurdag morgon.

Evakuerte naboar

Naudetatane rykte ut, og brannvesenet frå nærområda kom raskt til staden. Dei trudde dei hadde kontroll over brannen i morgontimane, men like før klokka elleve laurdag kom det meldingar om at brannen blussa kraftig opp igjen, og at fire bustadar er evakuerte i tilfelle brannen skulle spre seg.

- Vi vil ikkje ta nokon sjansar. På grunn av ukjente mengder ammoniakk i nokre kjøleskap i fryselageret, ønskjer vi å halde folk lenger unna, seier politiets operasjonsleder Bengt Ness i ellevetida.

Ammoniakk er ein fargelaus, giftig og brennbar gass med stikkande lukt, og det brann lenge i det nye fryselageret der denne gassen skulle vere.

- Det har vore nokre eksplosjonar på staden, og vi har ikkje full oversikt over kva som er der inne. Difor arbeider mannskap med å sikre bygningane, fortel Kai Henning Myklebust ved politiets operasjonssentral like før klokka eitt.

Brannvesenet arbeidde for at brannen ikkje skulle spre seg, og det vart tilkalla bistand ifrå Førde.

Full fyr

Det var i halv sju tida laurdag morgon at alarmsentralen i Sogn og Fjordane fekk melding om at Løkeland krabbefabrikk på Herland på Atløy i Askvoll kommune sto i full fyr.

Myklebust ved politiets operasjonssentral fortel at bygget er delt i fire, to nye og to gamle delar, som har ulikt skadeomfang.

- Del ein, som består av det gamle fryseriet, kontor og fiskemottak, er totalskadd. Del to, som er det gamle produksjonslokalet, er også totalskadd. Del tre, det nye fryseriet, er delvis skadd. Og del fire, det nye produksjonslokalet, er framleis intakt.

Vakna av lyden

For Kristian Tviberg og Andrine Aas Wie, som er på romjulsferie i område, vart det ein dramatisk slutt på året.

- Vi vakna av lyden. Først trudde vi det hagla voldsomt ute, men vi fann fort ut at det brann og ringte til brannvesenet, seier Andrine Aas Wie.

Det er førebels ikkje kjent korleis brannen skal ha oppstått.

Firda har vore i kontakt med eigaren av krabbefabrikken, men han ønskjer ikkje å kommentere hendinga.

Ferja har gått i eitt

Ferja som går i ruta Askvoll- Gjervik- Fure har gått i skytteltrafikk etter at brannen starta, og har frakta både brannfolk, brannutstyr, ambulansar og politi til Atløy.

Ambulansebåten har også rykt ut til Herland.

– Det er fint å sjå at beredskapen fungerer, og at naudetatane har komme på plass, sjølv om vi held til på ei øy, seier Sandra Stølen som er heime på Herland på juleferie.

Sigurd Løkeland AS

Sigurd Løkeland as - tidlegare Sigurd Løkeland Hermetikkfabrikk - er eigd

og drive av tredje generasjon Løkeland.

Tor Løkeland er administrerande direktør.

Fabrikken har eksistert sidan 1922, då Sigurd Løkeland etablerte den.

Ifølge bedrifta si heimeside er hovudproduktet i dag fersk, frossen og

hermetisert krabbe.

Bedrifta skriv på sine heimesider at dei har rundt 25 tilsette i

produksjonsfasen for krabbeprodukta. Sesongen strekk seg frå august til april.

Kommentarer til denne saken