Amerikansk selskap inn i Engebø-gruve

ENGEBØ: Gruvedrifta er planlagt i Engebøfjellet i Vevring.

ENGEBØ: Gruvedrifta er planlagt i Engebøfjellet i Vevring. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Barton Group går frå intensjonsavtale til samarbeidsavtale med Nordic Mining.

DEL

Nordic Mining melder via børsen om ein samarbeidsavtale med amerikanske The Barton Group i samband med gruveprosjektet i Engebø-fjellet. Som kjent skal gruveavfallet deponerast i Førdefjorden, noko som har skapt sterke reaksjonar frå mange hald.

Selskapa Nordic Mining og The Barton Group har hatt ein intensjonsavtale i forbindelse med til Engebø sidan 2011. Dette melder Hegnar.no.

Dei har i dag inngått avtale om sal og distribujson av granat frå Engebø, og utvikling av granatproduksjon frå Nordic Mining si planlagde gruve i Naustdal.

Som ein del av avtalen skal Barton vere ein industriell ankerinvestor i finansieringa av prosjektet i perioden fram til anlegget er klart for produksjon i 2021.

Barton skal ifølge avtalen vere med på eit langsiktig samarbeid med tanke på utvikling, produksjon, sal, marknadsføring og distribusjon av mineral frå Engebøfjellet.

Barton har analysert og fått stadfesta at det er tilfredstillande kvalitet og dei har difor gått eit steg lenger enn intensjonsavtale.

– Vi er veldig tilfreds med avtalen som stadfestar at det felles målet er å bygge opp ein sterk posisjon i den internasjonale granatindustrien. Barton si historie og leiande posisjon innan vassjet-skjering er imponerande og vi ser fram til å bygge eit sterkt samarbeid, seier styreformann Tarmo Tuominen i Nordic Mining i ei pressemelding.

Dagleg leiar Ivar Fossum ser fram til å vidareutvikle prosjektet saman med ein verdsleiande aktør.

– Barton si stadfesting av kvaliteten på granaten frå Engebø er den beste forsikringa vi kunne få.

Det seier han i pressemeldinga.

Artikkeltags