Rekord i godkjente spelemiddelsøknadar

GODKJENT 211 MILL. TIL SLIKT: Ein kan søke om spelemidlar til å realisere nærmiljøanlegg som ballbingar. Her klipper Arne Eikeland snora for Grovene grendelag sin  ballbinge, som blei opna i 2015. Ballbingen blei delvis finansiert med spelemidlar.

GODKJENT 211 MILL. TIL SLIKT: Ein kan søke om spelemidlar til å realisere nærmiljøanlegg som ballbingar. Her klipper Arne Eikeland snora for Grovene grendelag sin ballbinge, som blei opna i 2015. Ballbingen blei delvis finansiert med spelemidlar. Foto:

SOGN OG FJORDANE: Fylkeskommunen har sete rekord med å godkjenne spelemiddelsøknadar for 211 millionar kroner.

DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

Det melder Fylkeskommunen i ei pressemelding. I fjor søkte rekordmange om spelemidlar, tilsaman om 218 millionar kroner. Fylkeskommunen har godkjent søknadar om tilsaman 211 millionar, som også er rekord.

Til samanlikning godkjente dei spelemiddelsøknadar for 124 millionar i 2014.

Gloppen spør om mest

Det er folk i Gloppen kommune som søker om mest, nærmare bestemt 38 millionar kroner. Det er rekord i søknadssum for ein kommune på eitt år. Førde tar også rekord i tal på søknadar, med 45 på eitt år. 

Spelemiddel er pengar som er til overs frå spela til Norsk Tipping. Ein kan søke om spelemiddel til å bygge idretts-/nærmiljøanlegg som ballbingar, klatreparkar eller likande.

I mai får dei svar

Søknadane som Fylkeskommunen har godkjent er no sendt til Kulturdepartementet. Innan 1. mai skal dei bestemme kor mykje pengar Sogn og Fjordane får.

Kulturdepartementet fordelar midlar til fylka med bakgrunn i tre kriterium: innbyggartal, kor mange anlegg det er i høve areal og kor stor den godkjente søknadssummen er (sistnemnde tel for halvparten av vektinga).

Etter dette skal den endelege fordelinga av pengane skal blir gjort av Fylkeskommunen sitt Hovudutval for næring og kultur den 30. mai.

– Visjonen er fysisk aktivitet for alle

– Visjonen for arbeidet med fysisk aktivitet i Fylkeskommunen er fysisk aktivitet for alle. Det er difor gledeleg å sjå at spreiinga i anleggstypar er stor, og at alle aldersgrupper blir tatt i vare, seier Atle Skrede, som er rådgivar for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv i Fylkeskommunen.

Artikkeltags