Snøbrøyting knekte begge veggane i busskuret

SKADD: Sprekkene i busskuret var godt synlege.

SKADD: Sprekkene i busskuret var godt synlege.

Skadane var så omfattande at ein måtte sette opp nytt.

DEL

Under snøbrøyting i mars vart eit busskur langs fv. 607 i Hyllestad øydelagt. Bilde frå staden viser tydelege sprekker i begge sideveggane.

– Leskuret er såpass skadd at det bør demonterast og settast opp på nytt. Vi har snakka med underentreprenør som gjennomfører vinterdrift i områda, men dei hadde ikkje registrert skaden, står det i rapporten.

Skaden vart oppdaga fleire veker etterpå, men vart då utbetra like etter. Rekninga sende Statens vegvesen rett til underentreprenør, som må betale 26.069 kroner for skaden.

NYTT: Vegvesenet sette opp nytt busskur på Atterås etter at det som stod der vart øydelagt av snøbrøyting.

NYTT: Vegvesenet sette opp nytt busskur på Atterås etter at det som stod der vart øydelagt av snøbrøyting. Foto:

Artikkeltags