Lastebil med hengar sperra fv. 607 i Hyllestad i fleire timar

Artikkelen er over 1 år gammel

HYLLESTAD: Mykje hagl polerte vegen. Ein lastebil stod fast i fleire timar i Staurdalssvingane.

DEL

– Ein lastebil med hengar står fast i Staurdalssvingane på fv. 607. Han står slik til at ingen kjem forbi. No står det også ein varebil og lastebil lenger nede.

Det fortalde trafikkoperatør Ketil Molvær i Statens vegvesen litt etter klokka 15.00.

Ifølge Molvær var kraftig hagl noko av årsaka til at lastebilen stod fast.

– Det var ei voldsom haglebye tidlegare som har polert vegen. Det er svært glatt på staden, sa trafikkoperatøren.

Om lastebilen har fått materielle skadar kan han ikkje seie noko om. Bilbergar er rekvirert.

– Vi har fått tilbakemelding på at hengaren har pressa bakparten på trekkvogna ned i grøfta. Dette truleg fordi den var feillasta og hadde dårlege dekk, opplyste trafikkoperatør John Andreas Omdal klokka 17.20.

Bilbergar frå Bergen er på veg, men det vil ta litt tid før den er på staden. Omkøyring er via fv. 57 og - 64.

Eit vitne fortel litt før klokka 19.30 at bilbergar er komen til staden. Vegen var delvis stengd i fleire timar. Lastebilen vart først fjerna seint tysdag kveld.

BOM FAST: Lastebilen køyrde i grøfta i Staurdalssvingane i Hyllestad tysdag. Der stod den i mange timar.

BOM FAST: Lastebilen køyrde i grøfta i Staurdalssvingane i Hyllestad tysdag. Der stod den i mange timar. Foto:

Tips Oss
MMS: FITIPS til 2005 EPOST: redaksjon@firda.no TLF: 57 83 33 33

Artikkeltags