Mann i 20- åra alvorleg skadd etter fallulykke i Hyllestad

Artikkelen er over 1 år gammel

HYLLESTAD: Haukeland universitetsjukehus melder fredag føremiddag at mannen er alvorleg skadd.

DEL

Klokka 16.45 torsdag melde Vest politidistrikt om ei arbeidsulykke i Lifjorden i Hyllestad.

Ein mann i byrjinga av 20- åra vart flogen til Haukeland sjukehus med fallskadar, opplyser politiet.

– Ein mann har falle då han heldt på jobbe på eit hus. Mannen skal ha vore bevisstlaus då han vart sendt til Haukeland, opplyste operasjonsleiar Eivind Hellesund i Vest politidistrikt like før klokka 17.00.

Fredag morgon melder Haukeland at mannen er alvorleg skadd.

Fall tre meter

Politiet fekk melding klokka 15.40 torsdag ettermiddag, og var framme på staden klokka 17.40, opplyste Vest politidistrikt.

– Vedkommande har falle ned frå eit 3 meter høgt stillas. Lokal lege og ambulanse var på staden. Det er ingen vitne til fallet, men det har vore andre på byggeplassen, sa Hellesund til Firda klokka 19.40 torsdag kveld.

Den skadde mannen er i byrjinga av 20-åra og han vil bli avhøyrt av politiet.

Arbeidstilsynet er varsla om hendinga. Politiet har også meldt saka.

Tips Oss
MMS: FITIPS til 2005 EPOST: redaksjon@firda.no TLF: 57 83 33 33

Artikkeltags