Bil i grøfta i Hyllestad – mistanke om promillekøyring

ULYKKE: Bil køyrde i grøfta i Hyllestad.

ULYKKE: Bil køyrde i grøfta i Hyllestad. Foto:

Fem personar i bilen, men ingen er skadd.

DEL

Klokka 23.45 laurdag kveld fekk politiet melding frå brannvesenet om ein bilulykke ved Eidsneset i Hyllestad.

– Det var ein bil som hadde treft ein betongkant og køyrt i 50 meter før den stoppa i ein grøft, seier operasjonsleiar Morten Rebnord.

Rebnord fortel at det er 80-sone på staden og at airbagen ikkje vart utløyst. Det var fem personar i bilen, alle frå Polen.

– Det er heller ikkje meldt ifrå om nokon personskadde på dei som var i bilen.

Kva som er årsaka til ulykka er enno ukjend.

– Politiet var på staden og har fått sikra identifikasjonen på alle som var i bilen. Det er uvisst kven av dei som køyrde.

Politiet vil opprette sak på hendinga.

– Dei skal no undersøke hendinga vidare og dei mistenker at det er snakk om køyring i påverka tilstand.

Artikkeltags