Ferja stod i ein time – no er ho i gang igjen

HADDE PROBLEM: M/F Losna hadde tekniske problem torsdag morgon. Bildet er frå Rutledal ferjekai.

HADDE PROBLEM: M/F Losna hadde tekniske problem torsdag morgon. Bildet er frå Rutledal ferjekai. Foto:

Ferjesambandet Rysjedalsvika – Rutledal – Krakhella på fv. 57 var innstilt torsdag morgon.

DEL

Det melde Fjord1 like over klokka halv sju. Årsaka skal ha vore tekniske problem.

Klokka 07.20 melder selskapet at ferja er tilbake i drift, men at ein må rekne med forseinkingar.

Lenger inne i Sogn er det også problem på ferjesambandet Dragsvik – Hella – Vangsnes. Avgangen klokka 06.45 vart kansellert grunna vanskar med å komme til kai.

Klokka 07.15 melder Fjord1 at problemet held fram:

– Det blir sett opp alternativ rutetabell. Dragsvik – Hella vil ha avgangar kvar heile og halve time. Hella – Dragsvik med avgangar kvart over og kvart på. Hella – Vangsnes går halv, og Vangsnes – Hella går kvar heile time.

Det vil vere forseinkingar på sambandet som følgje av dette.

SJÅ OGSÅ:

Artikkeltags