Desse var på visitt i Hyllestad

Artikkelen er over 3 år gammel

Åtte spekkhoggarar var måndag på påskeferie i ytre Sogn.

DEL

Dette er tredje gong Anders Tveito (27) frå Brendsdal i Hyllestad ser spekkhoggarar i år. Seinast i februar var ein flokk nær fiskeoppdrettet han jobbar på.

– Eg trur det er same flokken. Den største hannen har ein liten knekk i finna, seier Anders.

Les også: Sjå kven som dukka opp i Sognefjorden

Denne gongen møtte Anders og søskenbarnet Hans Kristian Tveito, flokken utanfor Rysjedalsvika.

– Vi filma dei med GoPro-kamera då dei var på veg ut fjorden, fortel Anders.

Spekkhoggar/Staurkval

  • Er den største arten i delfinfamilien.
  • Ein vaksen hann-spekkhoggar kan bli opptil 10 meter lang og vege opp mot 8 tonn, medan ho-spekkhoggaren er noko mindre og vert opptil 8,5 meter lang og veg gjerne ca. 5 tonn.
  • Finna på hannane kan bli 2 meter høg.
  • Ho-spekkhoggarane blir normalt 50 år og hannane kring 30 år, men dei kan også bli eldre enn det.
  • Spekkhoggaren et fisk, sel, skate, delfinar og hai.

Kjelde: Wikipedia.

Artikkeltags