60 må gå i Hyllestad

Artikkelen er over 4 år gammel

Havyard Skip Technology i Leirvik kuttar i både leiing, administrasjon og produksjonen.

DEL

Frå årsskifte vil det vere 60 færre tilsette ved verftet i Leirvik, det skriv nrk.no.

Oppseiingane kjem etter dårlege resultat i ein pressa marknad.

– Eg synest det er veldig tungt. I alle fall når du skal sitje og forsvare kollegaer som du kjenner veldig godt. Du blir jo glad i folk etter kvart,  seier klubbleiar Johnny Sande til NRK.

Dei fleiste oppseiingane skal vere gjennomførte, men ikkje alle er gyldige før årsskifte.

Ordførar Morten Askvik (Sp) fryktar fråflytting:

– På kort sikte må vi vente at dette vil bety mindre skatteinngang og moglegheiter for fråflytting. Når det er sagt så er konsekvensane endå verre for dei det gjeld, og det er dei vi må tenke på. Vi må prøve å gjere det vi kan for å hjelpe dei, seier Askvik til NRK.

Artikkeltags