Torsheim tek «hemn» med eit flagg på 150 kilo

ELDSJELER: Både Torbjørn Løland, frå verksemda Åfjordstein, og Oddvar Torsheim er opptekne av å ta vare på verdiar som har vore med på å forme samfunnet vårt.

ELDSJELER: Både Torbjørn Løland, frå verksemda Åfjordstein, og Oddvar Torsheim er opptekne av å ta vare på verdiar som har vore med på å forme samfunnet vårt. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

HYLLESTAD: Kunstverket syner flagget til Fylkesbaatane, og skal boltast fast på ekspedisjonsbygget i Rysjedalsvika.

DEL

– Dette er ei ytring i hard skifer og knallhard Bengalakk! seier Oddvar Torsheim om kunstverket han har laga i samarbeid med Torbjørn Løland i verksemda Åfjordstein i Hyllestad.

Verket – som måler 140 x 120 centimeter og veg om lag 150 kg – syner det gamle flagget til Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane samt teksten «FSF for evig!» og sjølvsagt Førde-kunstnarens karakteristiske signatur.

I fjor teikna Torsheim same ytringa på veggen i eit busskur i Lavik, men kunstverket vart fjerna – mest truleg av Statens vegvesen eller deira driftsentreprenør – sidan Vegvesenet klassifiserte Torsheims kunst for hærverk.

Eit heilagt symbol

– Eg vart kontakta av Hyllestad-ordførar Morten Askvik som saman med Astrid Waage hadde pønska ut ein plan for på plass eit «evigvarande» Fylkesbaatane-flagg på kaihuset i Rysjedalsvika, fortel Torsheim.

Kunstnaren har sjølv jobba for Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane, då han i 1968 var matros om bord på gamle «Sognefjord» på ruta mellom Årdalstangen og Bergen.

– Den gongen måtte eg tene litt pengar, men dette var siste gongen eg var i løna arbeid. Takka vere denne jobben fekk eg Fylkesbaatane skikkeleg inn under huda, og ser på både namnet og det gamle flagget som eit heilagt symbol på fellesskap og identitet i fylket vårt.

Torsheim meiner Fylkesbaatane var mykje meir enn berre eit reiarlag.

FINPUSS: Oddvar Torsheim legg siste hand på verket, medan Torbjørn Løland frå Åfjordstein følgjer nøye med. Verket på 140 x 120 centimeter vert avduka laurdag klokka 12:00 på kaia i Rysjedalsvika.

FINPUSS: Oddvar Torsheim legg siste hand på verket, medan Torbjørn Løland frå Åfjordstein følgjer nøye med. Verket på 140 x 120 centimeter vert avduka laurdag klokka 12:00 på kaia i Rysjedalsvika. Foto:

– Det var hjarteblodet og ein identitetsskapande grunnpilar i samfunnet vårt. Etter oppdeling og namnebyte, og no sist salet av Fjord1, er ingenting att av vårt høgt elska fylkessymbol. Og det er takka vere fylkespolitiske feilgrep.

Det var difor ikkje vanskeleg for Torsheim å takke ja til Askvik og Waage som ville ha hjelp til å få det gamle fylkessymbolet på plass på kaien i det tradisjonsrike trafikknutepunktet som Rysjedalsvika er.

– For meg var og er Fylkesbaatane rock and roll! Eg stiller gjerne opp for alle gode krefter som brenn etter å heidre dei verdiane vi hadde før marknadskreftene tok full kontroll over samfunnet, avsluttar Torsheim.

Måtte gjere noko

– Vi var mange som fekk med oss stuntet i Lavik der Bjørn Eilert Mork – som eit ledd i ein musikkvideoproduksjon – fekk Oddvar Torsheim til å teikne flagget til Fylkesbaatane i eit busskur, seier Hyllestad-ordførar Morten Askvik (Sp).

Han fortel at då Torsheims kunstverk vart fjerna – etter at Statens vegvesen hadde definert det som hærverk – var det fleire som meinte at her måtte noko gjerast.

– Samfunnet endrar seg stadig fortare. Det som var viktig i går blir gløymt i dagens jag etter materiell lukke. Med å «hogge» flagget til Fylkesbaatane i stein, og i tillegg male det med «evigvarande» Bengalakk, ønskjer vi å skape noko som får folk til å stanse opp og kanskje tenke på kva som eigentleg betyr noko for oss, både kvar for oss og i eit større fellesskap.

Askvik kan garantere at kunstverket som skal plasserast på kaihuset i Rysjedalsvika, ikkje kan verte kravd fjerna korkje av Vegvesenet eller andre styresmakter.

– Det er Hyllestad kommune som eig bygget, og vi stiller fri «grunn» til disposisjon. No håper eg flest mogleg tek turen til Rysjadalsvika laurdag klokka 12, då fylkesordførar Jenny Ellaug Følling skal avduke Torsheims kunstverk, seier Askvik.

Artikkeltags