Skipsverftet i Leirvik feirar 100 år – Havyard inviterer til folkefest

FEIRAR: 9. juni blir det folkefest på kaia på Havyard sitt skipsverft i Leirvik. Fv: Dagny, Vilde og Anna, Martine Håland.

FEIRAR: 9. juni blir det folkefest på kaia på Havyard sitt skipsverft i Leirvik. Fv: Dagny, Vilde og Anna, Martine Håland. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

HYLLESTAD: – Etter nokre tøffe år ser framtida god ut. Vi ønskjer å feire dette og at verftet er 100 år saman med bygda og dei tilsette.

DEL

Det seier Lars Conradi Andersen, salsdirektør i Havyard Ship Technology.

Det er 100 sidan Jonas Løland i samarbeid med Knut Wolff og Eivind Bekken bygde den første slippen ved elvemunningen i Leirvik.

Det starta med vedlikehald og reparasjon av fiskebåtar. Den første båten vart bygd i 1938, og i dag er skipsverftet hjørnesteinsbedrifta i Hyllestad med over 170 tilsette og kundar over heile verda. 

Nasjonale og lokale artistar

9. juni inviterer Havyard til folkefest på kaia med nasjonale og lokale artistar, pølser, is, kake og brus.

– Vi synest vi har eit bra program og håpar dette er noko folk både i Sogn og Sunnfjord vil finne spennande, seier Andersen.

På scena står popartisten Dagny, Vilde og Anna og Martine Håland frå Dale. Det blir også konsert med kulturskuleelevar, og konferansier er Kjell «Kjellen» Bigset.

Festmiddag i platehallen

– På kvelden er det festmiddag for alle dei tilsette med følgje. Vi har også invitert kundar og dei som har jobba for oss som no er pensjonistar, fortel Andersen.

Middagen blir i platehallen og dei forventar kring 300 til bords. Også på kvelden blir det underhaldning.

– Det er ingen lett bransje, så difor ønskjer vi å slå på stortromma når vi kan.

Havyard kjøpte verftet frå Kværner i 2000. Før det har også Kleven vore inne på eigarsida.

– Vi har drive i 18 år, men ein slik dag er det viktig å sjå tilbake på historia også. Vi håpar dette er eit arrangement folk vil kome på. Vi håpar sjølvsagt på flott vêr, men om det ikkje skulle skje har vi alternativ, seier Andersen.

Historisk kjelde: Alkunne

Artikkeltags