Havyard skal bygge sitt sjette vindmølleskip

NY KONTRAKT: Havyard har skrive ny kontrakt med ESVAGT. I 2021 skal skipsverftet i Leirvik levere sitt åttande vindmølleskip.

NY KONTRAKT: Havyard har skrive ny kontrakt med ESVAGT. I 2021 skal skipsverftet i Leirvik levere sitt åttande vindmølleskip. Foto:

NÆRINGSLIV: Skipet skal leverast i første kvartal i 2021.

DEL

Tysdag melder Havyard Grop at dei skal designe og bygge eit nytt vindmølleskip for ESVAGT.

Dette blir det åttande skipet med Havyard-design og det sjette vindmølleskipet som skal utrustast ved Havyard sitt skipsverft i Leirvik.

Skipet skal leverast i første kvartal av 2021, og skal i arbeid for vindkraftselskapet MHI Vestas og operere i havmølleparken Moray East på britisk sektor.

– Dette er ein lagsiger. I eit så langt og tett samarbeid som vi har hatt med ESVAGT blir vi kjent med kvarandre og byggjer tillit. Då kan vi også utfordre kvarandre og saman utvikle skip som er ettertrakta i marknaden, seier salsansvarleg Gisle Vinjevoll Thrane i Havyard Design & Solutions i ei pressemelding.

– Gjennom samarbeidet med Havyard har vi utvikla skip som gir våre oppdragsgivarar sikre, innovative og effektive tenester, seier Deputy Chief Executive OfficerESVAGT, Kristian Ole Jakobsen.

Les andre saker frå Hyllestad:

Då julegranene vart lyssett landet rundt, sprang Mona på heia og pynta varden

Artikkeltags