Havyard Ship Technology med 65 millionar i underskot

SKIPSVERFT: Havyard sitt verft i Leirvik leverte raude tal i 2017.

SKIPSVERFT: Havyard sitt verft i Leirvik leverte raude tal i 2017. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

HYLLESTAD: Inntektene fall dramatisk frå 2016 til 2017. – Aldri positivt med underskot, men det kom ikkje som noko overrasking, seier dagleg leiar Lasse Stokkeland.

DEL

– Selskapet har igjennom driftsåret 2017 hatt låg aktivitet på nybyggingssida.

Slik forklarar Havyard Ship Technology årsaka til millionunderskotet i årsrekneskapen. Den viser nemleg at skipsverftet i Leirvik i Sogn hadde eit underskot på 65 millionar kroner i 2017.

Inntektene fall frå 1,3 milliardar i 2016 til 459 millionar kroner i fjor.

– Verksemdområda i konsernet har alle i større eller mindre grad blitt råka av den generelle marknadsnegangen innanfor oljenæringa, kor konsernet sidan 2015 har jobba med effektivisering og omstilling for tilpassing til dei nye rammebetingelsane, skriv styret i årsmeldinga.

Eitt år frå kontrakt til aktivitet

I løpet av fjoråret leverte skipsverftet i Hyllestad berre tre skip: to i mai og eitt i september.

– Selskapet har høgre finanskostnadar i 2017 og dette skuldast urealiserte tap på valutateminar som er inngått for sikring av framtidig inntekt, står det vidare.i

Dei skriv også at selskapet er avhengig av å inngå nye kontraktar etter kvart som eksisterande ordrar blir ferdigstilt og levert.

Seint tysdag kveld svarte dagleg leiar, Lasse Stokkeland, Firda på e-post:

– Fallet i inntekter i 2017 heng saman med manglande kontraktar å gjennomføre, som i hovudsak er knytt til fall i oljeprisen. Det er ei forseinking på eitt til 1,5 år frå ei kontrakt til den genererer aktivitet og inntekt på verftet.

Inga overrasking

Han seier at underskotet ikkje kom som noko overrasking.

– Det er aldri positivt med underskot, men planane våre blir ikkje råka av resultatet i 2017, seier han.

Etter at fleire vart permitterte før jul, vart det sagt at alle skulle vere tilbake i jobb i løpet av våren. Men dette har gått litt lenger tid enn venta.

– Vi har hatt nokre få permitterte heilt fram til ferien. For sjølv om aktiviteten er bra, er det av og til kompetanse som er i overtal, seier Stokkeland.

Han er óg optimistisk for framtida.

– Vi har signert kontraktar som sikrar at verftet kan operere på eit normalt aktivitetsnivå, og så er det opp til oss å sikre at kontraktane vert gjennomført i tråd med kvalitet, kost og tid, skrive Stokkeland i e-posten.

Artikkeltags