Havyard har signert ny kontrakt

EIN TIL: Denne båten leverte Havyard til NTF for nokre år sidan. No skal dei lage ein til. – Fartøyet er 84,8 meter langt, 16,9 meter breitt og eit totalt brønnvolum på 3.200 m. I tillegg til at dei tre sirkulære fisketankane gjev betre fiskevelferd, gjer den utformingen også til at fartøya kan laste meir fisk enn brønnbåtar med konvensjonelle, langsgåande tankar, skriv NTF i ei pressemelding.

EIN TIL: Denne båten leverte Havyard til NTF for nokre år sidan. No skal dei lage ein til. – Fartøyet er 84,8 meter langt, 16,9 meter breitt og eit totalt brønnvolum på 3.200 m. I tillegg til at dei tre sirkulære fisketankane gjev betre fiskevelferd, gjer den utformingen også til at fartøya kan laste meir fisk enn brønnbåtar med konvensjonelle, langsgåande tankar, skriv NTF i ei pressemelding. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

HYLLESTAD: Norsk Fisketransport har inngått kontrakt med Havyard om bygging av ny brønnbåt, med opsjon på ein til. Det betyr at verftet i Leirvik har arbeid til juni 2020.

DEL

– Dette er veldig gode nyheiter, seier konsernsjef Geir Johan Bakke i Havyard Group til Firda.

Dette blir søsterskip nummer fire og fem til allereie eksisterande «Havtrans», «Namsos» og «Steigen» hos Norsk Fisketransport (NTF). Dei er alle levert av Havyard.

– Brønnbåtbygging er komplisert, og vi hadde ein del tekniske utfordringar då vi bygde «Namsos» for NFT, men som igjen resulterte i eit veldig godt levert «Steigen». At NFT ønskjer ein heilt lik brønnbåt no seier veldig mykje om kor bra resultatet vart, seier Bakke.

Også NTF verkar godt nøgde med avtalen.

– Vi endrar ikkje vinnaroppskrifta! Det var enkelt å velje Havyard igjen: Godt samarbeid, høg kvalitet og eit sluttprodukt som er akkurat slik vi vil ha det, seier administrerande direktør Oddleif Wigdahl i NTF i ei pressemelding.

HJØRNESTEINSBEDRIFT: Havyard eig verftet i Leirvik i Sogn.

HJØRNESTEINSBEDRIFT: Havyard eig verftet i Leirvik i Sogn. Foto:

NTF har frist til sommaren 2019 til å nytte seg av opsjonen på eitt fartøy til.

– I desse brønnbåtane er det mykje utvikling av teknologi, og tilpassingar for at skipet skal vere så funksjonelt som mogleg og ha den aller beste fiskevelferda. Eg er sikker på at dei dyktige og motiverte tilsette på verftet i Leirvik vil gjennomføre kontrakten på ein god måte, seier Bakke.

Avtalen med NTF gir verftet jobb til juni 2020.

– Dette er vår første kontrakt i 2020, og den legg godt grunnlag for aktivitet også då, seier Bakke.

Artikkeltags