Gå til sidens hovedinnhold

Lagereigar: – Det første eg tenkte var om det var folk i bygget

Artikkelen er over 5 år gammel

HYLLESTAD: Ein del av eit lagerbygg er no totalskadd etter raset som gjekk i Leirvik.

– Vi leiger ut til Marine Harvest, så eg veit at det er ganske mykje folk der om morgonen.

Det seier Kevin Wolff. Han er med å drive verksemda Knut Wolff AS, som eig det no rasskadde lagerbygget i Leirvik sentrum.

Ropte etter folk i bygget

Han fortel at han kunne sjå rasstaden frå huset sitt, og tenkte raskt «er det folk der?»

– Eg køyrde bort og prata med Veidekke-folka som stod der. Då fann eg ut at det ikkje skal ha vore nokon inne i bygget. Den første personen på jobb frå Marine Harvest hadde vore borte og ropt inne i bygget for å sjekke, seier Wolff.

Wolff fortel at lagerbygget er delt i tre seksjonar. Den midtre delen er no ganske øydelagt, seier han.

– Eg får ikkje gå bort før geologen har vore å sjekka staden, seier han.

Usikker om ein får bygge opp att

Kva skal de gjere med skadane?

– Først og fremst må geologen komme. Deretter blir jo dette ei forsikringssak, men det er ikkje sikkert ein får lov til å bygge det opp igjen, dersom dei er redde for fleire ras. Det vil tida vise, seier han.

Kommentarer til denne saken