Bonde såg ulv 40 meter frå huset

– Ein synsobservasjon er aldri 100 prosent, men dette meiner vi er ein sikker observasjon.

DEL

Det seier fellingsleiar Stein Mortensbakke til NRK Sogn og Fjordane.

Bonden på Lavikdalen såg ulven søndag, 40 meter frå huset. Sjølv stod bonden berre 10 meter ifrå han. Jegerane jaktar framleis ulven og har per i dag fellingsløyve til tysdag 15. oktober.

Førre veke fann Nils Ove Espeland i Hyllestad eit av lamma sine drepe på beite. SNO er sikker på at det er drepe av ulv.

– Det var eit makabert syn. Det var ete veldig mykje av sauen, og eg skjønte fort at det ikkje kunne vere ein rev eller noko, sa Espeland til Firda.

Avstanden frå garden på Espeland og til Lavikdalen er ikkje stor.

Like før saka på Espeland vart det også funne ein daud hjort i utmark i Leirvik, som truleg også er drepen av rovdyret. Jegerane har ikkje henta kadaveret i håp om at ulven skal kome tilbake og forsyne seg igjen. Då vil han i så fall bli fanga på viltkamera.

Artikkeltags