Då julegranene vart lyssett landet rundt, sprang Mona på heia og pynta varden

FØRJULSMORO: Mona Birkeland pynta varden på toppen Rossvikheia i Hyllestad første søndag i advent.

FØRJULSMORO: Mona Birkeland pynta varden på toppen Rossvikheia i Hyllestad første søndag i advent. Foto:

HYLLESTAD: No blir alle som går på Rossvikheia møtt av ein lysande varde.

DEL

– Eg håpar ingen tek lysa, seier Mona Birkeland og ler.

2. desember var det julegrantenning mange stadar. Dette fekk Mona til å tenke: Kanskje eg skulle ha pynta varden min?

Ho bur på Birkeland i Hyllestad og bur tett ved fjelltoppen Rossvikheia. Ho går på toppen så ofte ho kan. Første søndag i advent spente ho på seg fjellskoa, tok med seg to slynger med julelys og fekk med seg ei venninne (som ikkje visste kva ho skulle få vere med på).

– Rossvikheia den mest besøkte toppen i Hyllestad fordi den er så lett tilgjengeleg. På søndag då alle skulle tenne julegran tenkte eg: Eg skal jammen tenne lys på «min» varde, seier ho og ler igjen.

Totalt er det ti meter med lys surra rundt den vesle varden, og så langt har ho berre fått positive tilbakemeldingar for påfunnet.

– I fjor var toppen besøkt over 2000 gongar ifølgje boka. På denne tida av året er besøkstalet litt mindre, men eg veit at det er ein del som går opp rett etter jobb. Eg håpar mange små og vaksne synest det er kjekt å komme inn på varden no.

– Har du ofra julelysa i hagen for dette?

– Nei, men eg sit og vurderer om eg skal springe opp med ei lenke til. Då ryk lysa i busken på tunet, he-he.

Lysa på Rossvikheia har ho planar om at skal bli verande til over nyttår.

– Eg får sjå kor mykje batteri det kostar meg, seier Birkeland spøkefullt.

Ho har også utfordra folk i dei andre Hafs-kommunane om å hive seg på ideen. Neste år kan det hende at den naturglade dama vel å lyse opp ein annan topp i området.

– Dagsturhytta til Hyllestad kjem opp like under Hesjetinden, ein topp litt bortanfor her. Kanskje eg skal pynte der til neste år?

ADVENTS-VARDE: Dette synet møter deg om du går på Rossvikheia i førjulstida.

ADVENTS-VARDE: Dette synet møter deg om du går på Rossvikheia i førjulstida. Foto:

Artikkeltags