No kjem kommunen for å ta bilde av huset ditt

NY EIGEDOMSSKATT: Hyllestad kommune skal justere eigedomsskatten. Synfaring skjer denne veka.

NY EIGEDOMSSKATT: Hyllestad kommune skal justere eigedomsskatten. Synfaring skjer denne veka. Foto:

Alle eigedommar i Hyllestad skal takserast på nytt. Synfaringa er planlagt å starte denne veka.

DEL

– Dette vert gjort slik at kommunen skal kunne justere eigedomsskatten i samsvar med verdien på eigedommane.

Det skriv Hyllestad kommune på eigne heimesider.

Kommunen har innført eigedomsskatt på alle eigedommar, og i desember i fjor vedtok kommunestyret ei ny taksering på desse.

Rundt den 10. juli vil synfararar reise rundt og fotografere og registrere alle bustad-, næring- og fritidseigedommar i Hyllestad. Det skal berre takast bilde ute, så eigar treng ikkje vere heime.

Dei nye takstane for eigedomsskatten blir kunngjort 1. mars neste år, opplyser kommunen.

Andre saker frå Hyllestad:

Artikkeltags