Opnar vegen i Hyen igjen

ERSTATTINGSBRU: Tverrelva bru er no erstatta av denne.

ERSTATTINGSBRU: Tverrelva bru er no erstatta av denne. Foto:

Fylkesveg 491 til Ommedalen er oppe og går etter flaum og skred.

DEL

Det skriv Statens vegvesen i ei pressemelding.

Vegen blei hardt råka av flaum og jordskred førre tysdag. No er vegen open igjen. Tverrelva bru er erstatta av fire solide betongrøyr med steinmur og massar oppå, slik at vegen toler kraftig vassføring, skriv Vegvesenet.

Ein del reparasjon går føre seg enno innover i Ommedal, så ein kan møte på litt hindringar. Det går føre seg rydding av fleire skred, og murar må settast opp der elva har vaska innunder vegen.

På fv. 615 ved Brødrene Aa blir timestengingar oppheva frå klokka 16.00, slik at det då er fri ferdsel Strorebru – Hyen – Sandane.

På E39 Førde – Skei blir det fri ferdsel gjennom helga med unntak av eit strekk på 200 meter ved Grimsbø der vegen er lysregulert. Folk må følge skilting og respektere nedsett fartsgrense til 50 km/t på delar av vegen.

Artikkeltags