– Dramatisk situasjon for dyra

FLAKS: Ola Henning Ommedal lurte på "korleis i granskauen" han skulle få opp dei fem kvigene som hadde falle i elva. Med 6-7 naboar, transportfirma, utstyr frå Fjord1 og litt flaks - gjekk det greitt denne gongen. Sjå video nedst i saka.

FLAKS: Ola Henning Ommedal lurte på "korleis i granskauen" han skulle få opp dei fem kvigene som hadde falle i elva. Med 6-7 naboar, transportfirma, utstyr frå Fjord1 og litt flaks - gjekk det greitt denne gongen. Sjå video nedst i saka. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Ola Henning Ommedal fekk seg ei uhyggeleg overrasking då han oppdaga at fleire av kvigene hans hadde falle i elva. – Det var eit heftig redningsoppdrag, seier han.

DEL

Ti av kvigene til Ola Henning Ommedal hadde forvilla seg ut frå beite på Ommedalsstøylen i Gloppen, og gått ein stad dei ikkje burde gå. Det førte til at fem av kvigene hadde falle ned i elva.

– Først såg eg at fem kviger stod i stølsvegen. Då eg gjekk lenger ned, såg eg at nokre også var i elva.

– Det verka heilt klin umogleg å få dei opp att. Så vi diskuterte korleis vi skulle få det til, og var inne på tanken om å bruke helikopter. Men vi gjekk for kranbil.

(Sjå video nedst i saka).

Hjelp frå naboar

Det var tysdag i førre veke at Ommedal oppdaga at fleire kviger kjempa mot vatnet i elva. Heile kvelden gjekk med på å planlegge og organisere den storstilte redningsaksjonen.

Ommedal kontakta Per Bortheim transport, samt samla saman ein gjeng med naboar. Totalt var det 6–7 naboar som var med på den storstilte redningsaksjonen onsdag.

– Utan all hjelp frå naboane, hadde det nok neppe gått, seier han.

Dramatisk for kyrne

Tysdag kveld stod kvigene på same plass i elva, men i løpet av natta så hadde to av dei blitt tatt av vasstraumen og hamna lenger nede i elva.

– Det var ein dramatisk situasjon for dyra. Vi måtte òg tenke på tryggleiken til alle som var med for å redde dyra, seier Ommedal.

For å hente kvigene opp frå elva fekk Ommedal låne ei korg frå Fjord1. Korga blir brukt til å plukke dyr om bord i båtar.

– Til slutt klarte vi faktisk å plukke opp alle kvigene. Dei vart så køyrd opp att på støylsbeite. Det ser heldigvis ikkje ut som dei har fått varige skader etter hendinga, fortel Ommedal.

Hell i uhell

– Det er utruleg: Det skal ikkje gå an å fare ned desse fossane utan at dei stryk med, seier han.

Men så hadde dei litt hell i uhell denne gongen:

– Akkurat der kvigene var i elva, klarar ein å nå ut med kranbil. Men det er mange stadar i elva det ikkje hadde vore mogleg i det heile teke.

Artikkeltags