Veterinærinstituttet ser bort frå at alvorleg hundesjukdom er harepest og miltbrann

Av
DEL

I ein ny status tysdag opplyser Veterinærinstituttet at dei enno ikkje veit kva som er årsaka til at eit tjuetal hundar har døydd.

Samtidig slår dei fast at det ut ifrå sjukdomshistorie og patologiske funn kan sjåast bort frå at hundedøden kjem av algeforgifting, det er heller ikkje noko som tyder miltbrann, harepest eller sjukdommar frå flått.

Ifølgje ei pressemelding frå Veterinærinstituttet er det heller ikkje haldepunkt for at det er samanheng mellom utbrotsundersøkinga av entrohermoragisk E. coli på menneske og hundesjukdommen.

Fleire av dei døde hundane er i desse dagane på veg til obduksjon.

Hunden frå Sogn og Fjordane som vart obdusert tysdag, viser ifølgje Mattilsynet dei same teikna på blodig tarmbetennelse som dei andre døde hundane.

Hittil er det ikkje funne fellestrekk mellom tilfelle av sjuke hundar med tanke på alder, rase, fôring, turområde og kontakt med andre hundar, opplyser dei i ei pressemelding.

I alt har 26 hundar over heile landet døydd etter blodig diaré den siste tida. Endå fleire har fått symptoma. Det er ikkje kjent om det er ein samanheng mellom dødsfalla.

(©NPK)

Artikkeltags