Den sakna turgåaren som har vore leita etter sidan måndag føremiddag er funnen omkommen.

Politiet melde måndag ettermiddag at klatrarar frå alpin redningsgruppe var på veg til staden for å prøve å ta seg ned til personen, som vart skildra som tilsynelatande livlaus.

Litt over klokka 19.00 måndag kveld stadfestaa politiet at den sakna mannen i 40-åra var funnen omkommen.

Han vart først observert i fjellsida under fjellet Vindreken, i svært uframkommeleg terreng. Ei alpin redningsgruppe klarte å komme seg fram til staden, og henta den omkomne ned.

Meld sakna måndag morgon

Hovudredningssentralen i Sør-Norge melde like før klokka 11.00 måndag at det vart sett i gang leiteaksjon etter ein mann i 40-åra som ikkje var kommen tilbake etter ein fjelltur.

– Den sakna gjekk ut på tur søndag og vart meld sakna då han ikkje dukka opp på jobb måndag morgon, opplyste Geir Ove Torbjørnsen ved Høyanger og Balestrand lensmannskontor.

Bilen til den sakna vart funne parkert ved utgangspunktet for stien opp til Vindreken, opplyste operasjonsleiar Arve Samsonsen i Vest politidistrikt.

Planen var at den sakna skulle komme ned att frå fjellet måndag kveld. Politiet ringde mobiltelefonen til den sakna fleire gongar utan å få svar.

Hovudredningsleiar Bjørn Magnussen ved HRS i Sør-Norge fortalde måndag føremiddag at det var registrert mobilspor i området. Eit redningshelikopter frå Florø, Røde Kors, Norske redningshundar samt politiet sine eigne ressursar vart sett inn i søket.

Klokka 19.00 kom meldinga om at den sakna var funnen omkommen.