Steinras stenger veg i morgontimane

Eit mindre steinras stenger fylkesveg 92. Folk kjem seg ikkje på arbeid og skule.

DEL

Raset har gått om lag ein kilometer vest for Ortnevik, på fylkesveg 92 på sørsida av Sognefjorden i Høyanger kommune.

– Entreprenør er på staden og ryddar opp. Vegen vert stengd i minimum ein time, opplyser trafikkoperatør Andreas Herland i Statens vegvesen klokka 07.15 tysdag morgon.

Vegen er viktig for folk som skal på arbeid på Østerbø og i Bjordal, og for born som skal på skule og barnehage i Bjordal.

Det var ein person som ikkje kom forbi, som varsla om raset klokka 06.20 tysdag, opplyser Herland.

Klokka 08.45 melder Vegtrafikksentralen Vest at vegen er rydda og opna.

Artikkeltags