Søkshundar leitar etter sprengstoff i Hovdetunnelen

SØKER: Inne har bilen som fraktar bombehundane parkert. Søket etter sprengstoff vil halde fram utover onsdagen.

SØKER: Inne har bilen som fraktar bombehundane parkert. Søket etter sprengstoff vil halde fram utover onsdagen. Foto:

HØYANGER: Det er andre gong slike hundar vert nytta i søk etter sprengstoff i tunnelar i Sogn og Fjordane.

DEL

– Det stemmer. Dei går og luktar etter sprengstoff, fortel Sveinung Hovland, prosjektleiar for oppgradering av tunnelar i Sogn og Fjordane.

I Hovdetunnelen på fv. 55 i Høyanger held Statens vegvesen på med oppgraderingsarbeid. Førre veke fann entreprenøren gammalt sprengstoff under graving i botn av tunnelen.

Ifølgje Statens vegvesen er det andre gong søkshundar vert brukt på oppdrag i fylket.

Hovland fortel at er det ikkje uvanleg at ein finn gammalt sprengstoff i tunnelar.

– Ofte går ikkje alt sprengstoff av når vi skyt og sprenger, og det må vi ta omsyn til før vi startar å grave, seier han.

Hovland forsikrar at sprengstoffet ikkje er til fare for bilistane, fordi det ligg under bakkenivå. Søkshundane, som kjem frå Austlandet, vil vere i tunnelen heile onsdag og leite.

– Likevel må vi halde fram med å vere forsiktige når vi grev. Det kan hende at ikkje alt blir fanga opp av hundane, fortel Hovland.

Ifølgje vegvesen.no vil oppgraderingsarbeidet i Hovdetunnelen vare til 27. september 2018.

Artikkeltags