Fylkesveg 92 i Høyanger stengt grunna 50 meter breitt steinras

RAS: Det er mykje støv i området. – Det luktar stein i heile bygda, uttalar Lene Hovland Nesheim.

RAS: Det er mykje støv i området. – Det luktar stein i heile bygda, uttalar Lene Hovland Nesheim. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

TRAFIKK: I morgontimane søndag gjekk det eit stort steinras på fylkesveg 92 i Bjordal, mellom Hest og Dørefjelltunnelen.

DEL

Både politiet og Vegtrafikksentralen melde søndag morgon om eit større steinras på sørsida av Høyanger.

Raset skal ha gått over vegen, men ikkje heilt ut i sjøen. Det er ingen hus eller bygningar i området der raset har gått, melde politiet på Twitter. Ifølge politiet er raset 500 meter langt og mellom 50 og 100 meter breitt.

Vegen er stengt og blir ikkje opna søndag.

– Store massar må ryddast, samt delar av vegen har fått omfattande skadar og må gjenoppbyggast. Det vil kome ny vurdering om varigheita måndag, melder Vegtrafikksentralen klokka 14.00.

Høyrde buldringa

Lene Hovland Nesheim og mannen Jon Nesheim driv campingplassen på Hest, og høyrde buldringa då raset gjekk.

– Like etter ringde politiet oss og lurte på om vi hadde høyrt det. Vi bekrefta og tilbydde oss å reise ut i båt for å sjå korleis det såg ut, fortel Lene Nesheim.

Då dei kom ut på fjorden såg dei at raset har losna oppe i fjellsida og at det var snakk om eit stort ras.

– Det er mykje store steinar der. Akkurat no er berre brannvesenet komme til plassen, men vi kan høyre at luftambulansen kjem no og, sa Nesheim då Firda snakka med ho.

Får ikkje gjort noko før geologen kjem

Klokka 11.55 stadfesta Stein Rune Halleraker hos Vest politidistrikt at politiet er i området rundt raset, også i båt.

– Vi må søke gjennom raset i samarbeid med Norske Redningshundar før vi kan levere leiinga over til eigar av veg, altså Statens vegvesen. Noko tidsperspektiv på dette har eg ikkje. No ventar vi på geolog som skal komme og godkjenne at vi kan bevege oss inn i rasområdet.

I 12-tida var ikkje geologen komen til staden enno.

– Det er ikkje mistanke om at nokon er tekne av raset. I terrenget over bilvegen er det veldig ulendt og ingen stiar eller liknande, så det ville vere unaturleg at det var nokon her, seier Halleraker.

VENTAR: – Vi ventar framleis på geolog som kan undersøke rasområdet før det vert rekna som trygt å søke gjennom, opplyser politiet klokka 12.00.

VENTAR: – Vi ventar framleis på geolog som kan undersøke rasområdet før det vert rekna som trygt å søke gjennom, opplyser politiet klokka 12.00. Foto:

Mista straumen

Som følge av raset forsvann også straumen i området. Ifølge politiet er det sannsynleg at straumlinjer kan vere tekne med i raset.

Nesheim er ikkje kjent med at dette er ein rasfarleg stad.

– Eg har budd her i 20 år, og eg kan ikkje hugse at det har rasa her tidlegare, fortel ho.

For å komme forbi rasstaden må ein køyre fylkesveg 8 om Oppedal.

BKK melder på sine nettsider at feilen vart registrert klokka 07.40. 162 kundar var råka, men mellom klokka 11.00 og 11.30 kopla dei om nettet slik at det berre var åtte kundar igjen som var straumlause. Søndag ettermiddag har alle straumkundane fått tilbake straumen, melder BKK.

Sperra med band

Rasområdet er sperra av med band på begge sider.

– Det er søkt med undervassutstyr i sjøen, drone er også nytta, men den er ingen indikasjon på at nokon skal vere tatt av raset. Det er sendt ein hundeekvipasje frå Norske redningshundar til staden for søk. Dei skal snart vere framme, melde Vest politidistrikt klokka 15.40.

Køyretøy kan heller ikkje kome seg bort til rasstaden. Geolog har vurdert området som sikkert. Politiet har avslutta på staden og Statens vegvesen har vidare oppfølging med å få rydda vegen.

Tips Oss
MMS: FITIPS til 2005 EPOST: redaksjon@firda.no TLF: 57 83 33 33

Artikkeltags