Bil køyrde av vegen ved Nordeide, mistanke om promille

UTFOR: Bilen har køyrd av vegen ved Nordeide ferjekai i Høyanger kommune.

UTFOR: Bilen har køyrd av vegen ved Nordeide ferjekai i Høyanger kommune. Foto:

TRAFIKK: Politiets operasjonssentral melde laurdag morgon om ei utforkøyring ved Nordeide ferjekai.

DEL

Ein bil hadde der køyrd av vegen og stod ved ein bakke, ved Nordeide ferjekai i Høyanger kommune.

– Føraren er ute av bilen. Det skal vere mindre skader på bilen, og føraren står fram som uskadd, men dette kan vi ikkje seie sikkert før vi er framme, sa operasjonsleiar Halleraker ved Vest politidistrikt rundt klokka ni.

Meldinga om uhellet kom rett før 09:00 laurdag morgon.

– Då vi kom til viste det seg at føraren var rusa. Han vert politimeldt for dette og er fråteken førarkortet, melder operasjonssentralen.

Føraren vart teken med til legevakt for blodprøve.


Artikkeltags