Ti kundar er melde til politiet for butikktjuveri etter jul

Ammar Majid, tilsett i Coop Extra Høyanger, viser sjølvbemanningskassane i butikken. Her har dei opplevd at kundane ikkje registrerer alle varene sine.

Ammar Majid, tilsett i Coop Extra Høyanger, viser sjølvbemanningskassane i butikken. Her har dei opplevd at kundane ikkje registrerer alle varene sine. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

HØYANGER: Coop Extra i Høyanger opplever ei auke i tal tjuveri etter at dei innførte sjølvbemanningskasser.

DEL

– Berre i 2017 har vi meldt ti stykke.

Dette seier butikksjefen på Coop Extra i Høyanger, Elisabeth Avsnes. Ho synast det er trist at folk bryt tilliten dei har fått av butikkane. Sidan april i fjor har dei hatt sjølvbemanningskasser, og dette har ført til hyppigare kontrollar.

– Vi passar på internt, men samstundes har vi inne eit eksternt vaktselskap.

Det er ikkje ungdommen som stel

Avsnes trur freistinga kan verte for stor for nokre, spesielt når det ser at det ikkje er kontrollar. I sjølvbemanningskassene kan kundane sjølv skanne varene sine før dei betaler. No prøver tilsette i butikken å følge med, i tillegg til at det blir gjennomført tilfeldige stikkontrollar.

– Dei fleste som har blitt melde er mellom 40 og 70, seier ho.

Butikken har alltid hatt hengande skilt som varslar eventuelle kontrollar, men etter fleire tjuveri har dei hengt opp endå større skilt slik at folk ser dei. Dei har også kamera på alle kassene, noko som gjer det lettare dersom dei mistenker nokon. Summane for tjuvegodset har vore mellom 100 og 600 kroner, og Avsnes seier folk tek med seg mykje forskjellig.

– Det er alt ifrå ansiktskrem til biff.

Mange butikkar opplever at kundar ikkje registrerar alle varene sine i dei ubetente kassane. Slik er det òg i Coops Extra-butikk i Høyanger.

Mange butikkar opplever at kundar ikkje registrerar alle varene sine i dei ubetente kassane. Slik er det òg i Coops Extra-butikk i Høyanger. Foto:

Slit med butikknasking

Alle dei politimelde har fått bot for tjuveriet, og Avsnes seier politiet har vore eineståande. Ho seier at det aldri for har vore så mange melde før, men trur det vil roe seg etter kvart.

– No når vi føretek hyppige kontrollar blir det betre. Vi fekk også medieomtale i Ytre Sogn Avis, noko som gjorde at det roa seg litt. I framtida vil også sjølvbemanningskassane bli om til båsar, slik at ein treng kvittering for å komme seg ut, forklarar Avsnes.

Coop Mega i Førde og Coop Extra på Sandane har ikkje opplevd det same som Avsnes skildrar, men seier at dei sjølvsagt har folk som følger nøye med. IT- og sikkerheitssjef i Coop Vest, Ole-André Leivdal, vil ikkje seie at det har vorte meir tjuveri etter at dei byrja med sjølvbemanningskasser. Han trur talet i Høyanger er så høgt fordi dei har vore flinke til å passe på.

– Butikkane har blitt flinkare til å oppdage tjuveri fordi vi har sett eit større fokus på det. Vi prøver å avdekke enkeltpersonar som misbrukar systemet, og butikknasking er noko vi slit med i det daglege.

Avsnes trur heller ikkje det er meir tjuveri i Høyanger enn andre stader.

– Vi har trappa opp sikkerheita rundt kassene, og har større fokus på kva kundane føretek seg, forklarar ho.

Artikkeltags