443 kundar råka av straumstans

Artikkelen er over 1 år gammel

HØYANGER: Ein feil på straumnettet la området mellom Vadheim til Norevik i svart onsdag morgon.

DEL

Montørar frå Sunnfjord Energi jobbar no med feilsøking.

Feilen skal ha råka kundar ifrå Vadheim og til Norevik.

– Dei jobbar for harde livet, får Firda opplyst.

Litt etter klokka ni skal alle straumkundane ha fått straumen tilbake.

Det føregår også ei planlagt utkopling i Høyanger rundt Bergsvatn. Dette råkar 211 kundar og gjeld frå klokka 07.00 til 19.00 onsdag kveld.

Artikkeltags