Usemje om bygdenamn i Sogn

Av

Språkrådet vil endre namnet på bygda Østerbø i Høyanger til Austrebø. Det synest ikkje innbyggjarane noko om.

DEL

– Det er eit namn vi ikkje har høyrt før og aldri har brukt, seier Geir Helge Østerbø, varaordførar i Høyanger (Sp), til NRK. Han både bur i og deler namn med bygda Østerbø ved Søreide i Høyanger kommune.

No skal Østerbø bli Austrebø om Språkrådet får viljen sin. Det same gjeld Norevik, som Språkrådet vil at skal heite Nordvikane. I tillegg finst Østerbø i Ikjefjord, også i Høyanger.

Tilrådingane om skrivemåte kjem trass i at både kommunestyre, namnenemnda i kommunen og bygdefolket ønskjer namna Østerbø og Norevik, fortel avisa Ytre Sogn.

– Det er flinke folk i Språkrådet, men dei har ofte litt for konservativt syn når det gjeld tilrådingane, seier prosjektleiar Aril Gjelsvik i Høyanger kommune.

Saman med ordførar, varaordførar og rådmann skal han møte Stadnamntenesta for Vestlandet og leggje fram ønsket om å få halde på namna. Det er Statens kartverk som gjer endeleg vedtak.

Artikkeltags