Malene si innsamling til MS-forbundet gav meir enn ho hadde håpa på

SUKSESS: Malene Blikken Haukøy (27) er rørt over engasjementet rundt innsamlingsaksjonen hennar. Her spring ho i mål i Porten i Hyllestad

SUKSESS: Malene Blikken Haukøy (27) er rørt over engasjementet rundt innsamlingsaksjonen hennar. Her spring ho i mål i Porten i Hyllestad Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

HØYANGER: Den sporty jenta frå Høyanger bestemte seg for å springe Sognefjorden på langs for å utfordre seg sjølv. I tillegg fekk ho samla inn over 50.000 kroner til MS-forbundet.

DEL

– Det er mykje meir enn eg hadde trudd, og det heile enda som ein stor suksess, uttalar Malene Blikken Haukøy (27).

02. juli i år la Haukøy ut på den 303 kilometer lange turen frå Skjolden hotell i Luster til Lihesten i Hyllestad. I løpet av seks dagar la ho bak seg 20.850 høgdemeter og fleire lange springeetappar for å rekke målet sitt.

– Eg tenkte at viss eg fekk samla inn 10.000 kroner så var det bra, og om eg fekk 15.000 skulle eg vere kjempenøgd.

Vil bidra til noko meir

På Facebook oppretta Haukøy ei side der folk kunne følge henne på reisa. Men ho lagde og ein innsamlingsaksjon i forbindelse med turen, der ho oppfordra folk til å donere pengar til MS-forbundet.

– Eg tenkte at når eg først gjennomfører eit så stort prosjekt, så vil eg og at det skal bidra til noko meir, uttalte Haukøy til Firda før ho la ut på turen.

Haukøy opplevde nemleg at hennar eiga mor fekk MS då Malene var ung.

– Mamma er heldig, ho er ganske frisk og lever godt med sjukdommen. Ho kan gå på turar og framleis vere aktiv, men vi veit at det er ein sjukdom som kan snu, og at ein må sette pris på ting her og no. Eg tykkjer uansett ikkje MS får så mykje merksemd som det burde.

Håpar pengane går til forsking

I løpet av turen fekk ho ikkje delt så mykje med følgarane sine som ho hadde tenkt.

– Eg hadde lyst til å vere meir aktiv på Facebooksida undervegs, men eg var rett og slett for sliten til å prioritere det. Eg var likevel innom kvar kveld og såg korleis innsamlinga gjekk, og det var veldig motiverande for meg å sjå at det var så mange som engasjerte seg, seier Haukøy.

UTSIKT: – Ein får sett mykje flotte fjell rundt omkring i denne sporten, seier Malene Blikken Haukøy.

UTSIKT: – Ein får sett mykje flotte fjell rundt omkring i denne sporten, seier Malene Blikken Haukøy. Foto:

I fleire dagar etter ho kom heim kom det framleis inn bidrag til aksjonen. Fredag 03. august skal Haukøy overlevere pengane til MS-forbundet, og den endelege summen blei på over 50.000 kroner.

– Det er fleire enkeltpersonar som har gjeve større pengegåver, det er utruleg rørande å sjå. Mitt håp er at pengane skal bli brukt til forsking og at dei skal finne betre medisinar til MS-råka, seier Haukøy.

Verdscupløp i haust

Etter dette prosjektet har ho ingen førebelse planar om å gjennomføre noko liknande i nær framtid.

– Etter denne turen var det vondt å gå og eg brukte ein del tid på å hente meg inn igjen. I tillegg tok det mykje energi i forkant med planlegginga. No har eg tre løp i høvesvis Italia, Skottland og Bulgaria utover hausten, så eg prioriterer desse først.

Ho legg likevel ikkje skjul på at det gav meirsmak å nå måla sine i sommar, både med løp og innsamling.

– Det er ein ekstrem luksus at eg kan gjere det eg gjer og at kroppen min fungerer. Det er noko med å gjere noko for andre når ein har det så bra sjølv, seier Haukøy.

Artikkeltags