Ras stengde veg i fleire timar

VERT RYDDA: No er entreprenørane i ferd med å reinske skråinga der det rasa vel 200 meter utanfor Vadheimstunnelen si munning, retning Vadheim sentrum.

VERT RYDDA: No er entreprenørane i ferd med å reinske skråinga der det rasa vel 200 meter utanfor Vadheimstunnelen si munning, retning Vadheim sentrum. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

HØYANGER: Fylkesvegen mellom Høyanger og Vadheim er stengt av eit steinras.

DEL

Fylkesveg 55 ved Vadheimstunnelen var laurdag føremiddag stengd grunna oppryddingsarbeidet. Statens vegvesen opplyser at raset har gått på utsida av Vadheimstunnelen på nordsida av tunnelen, og at tunnelen ikkje blir rydda før det har blitt lyst. Dette på grunn av massar oppe i fjellsida.

Etter det Firda kjenner til, fekk dei første bilane sleppe forbi rasstaden i kolonne rundt klokka 11.30. 

Vegen vart opna att for fri ferdsel klokka 11.48.

Desse vegane er stengde:

Fleire vegar i Sogn og Fjordane er no stengde grunna uvêr eller rasfare:

Fylkesveg 607 mellom Lavik og Leirvik er stengd - der har elva skadd brufundamentet.  Omkøyring via Lavikdalen.

Riksveg 15 over Strynefjellet er stengd grunna rasfare. Ny vurdering kl. 09.

Fylkesveg 53: Tyin-Årdal. Stengd på grunn av uvêr og fare for ras. Vegen blir ikkje opna laurdag. Ny vurdering søndag klokka 10.00.

Fylkesveg 720 Hjelleøyane – Erdal.

Fylkesceg 92: Bjordalen - Ortnevik stengd grunna jordras. Entreprenør har skilta og stengt av området med bom.

Du kan også sjekke oppdaterte meldingar hos Statens vegvesen.

Desse vegane er opna att

E16 over Filefjell og riksveg 52 over Hemsedalfjellet er ope. På Filefjell er det isdekke, og på Hemsedalfjellet kan det kan verte innført kolonnekøyring på kort varsel. Det er stort sett berre vegar, men det er fare for glatte parti, melder Statens vegvesen.

Fylkesveg 50: Aurland – Hol: Er no open for trafikk, etter å ha vore stengd.

Fylkesveg 609: Askvoll-Førde ved Heilevang er no open etter å ha vore stengd grunna fare for ras.

OPNA: Vegen ved Heilevang er no opna.

OPNA: Vegen ved Heilevang er no opna. Foto:

Fylkesveg 664: Fossebakken – Navelsaker er open etter å ha vore stengd grunna fare for ras.

Fylkesveg 664: Otterdal i Hornindal er no open etter å ha vore stengd grunna fare for ras.

Fylkesveg 722: Storesunde-Flo er no open etter å ha vore stengd grunna fare for ras.

Fylkesveg 723: Bødal-Loen er no open etter å ha vore stengd grunna fare for ras.

Fylkesveg 724: Briksdal-Olden er no open etter å ha vore stengd grunna fare for ras.

Fylkesveg 13: Vikafjellet. Vart opna like over klokka 12 etter oppryddingsarbeid.

Fylkesveg 620 i Selje er stengd ved Skogestranda, der store steinar sperra vegbana er opna.

Set inn ekstra ferje

På ferjestrekka Oppedal- Lavik vil det bli sett inn ei ekstra ferje klokka 11, melder Statens vegvesen.

Artikkeltags