Påkøyrd brannsløkkingsapparat utløyste brannalarm. Bogstunnelen på E39 er open att

DEL

Kl. 16. 20 melde Statens vegvesen at Bogstunnelen på E39 i Høyanger var stengt på grunn av brann.

– Det viste seg at skapet med brannsløkkingsapparatet er blitt påkøyrd. Dette er skapet som står på utsida av tunnelen på Vadheim-sida. Vi veit ikkje kven som har gjort det. Det står ikkje noko bil der, seier vaktleiar ved Alarmsentralen, Frode Korneliussen.

Tunnelen er no open for fri ferdsel.

Saka vert oppdatert

Artikkeltags