Kjellaug Brekkhus vert tilbydd jobb som rådmann i Høyanger

INNSTILT: I kommunestyret i Høyanger tysdag innstilte dei Kjellaug Ekse Brekkhus som ny rådmann.

INNSTILT: I kommunestyret i Høyanger tysdag innstilte dei Kjellaug Ekse Brekkhus som ny rådmann.

HØYANGER: Kommunestyret vedtok i dag å tilby jobben som rådmann i Høyanger til Kjellaug Brekkhus, som i dag er rådmann i Balestrand.

DEL

– Eg gler meg veldig til å begynne i jobben. Eg har det fint som rådmann i Balestrand og, men om to år er her jo ingen rådmannsjobb lenger, seier Kjellaug Brekkhus til Firda.

– Dyktige folk

Det var seks søkarar til stillinga som rådmann i Høyanger. Jobben vart ledig då Arve Varden vart tilsett som adm.dir. i Helse Førde.

Mellom søkarane var Bente Nesse, som i dag er rådmann i Hyllestad, og Synne Catrin Øren, som er advokat og bur i Høyanger. Men kommunestyret fall altså ned på 61 år gamle Kjellaug Brekkhus, som i dag er rådmann i Balestrand.

Ho har eit godt inntrykk av kommuneadministrasjonen i Høyanger:

– Vi har jo samarbeidd med dei fram gjennom åra, og mitt inntrykk er at det er dyktige og trivelege folk, seier Brekkhus.

Åtte år som varaordførar

Ho bur i Balestrand, og ser for seg å dagpendle til Høyanger, i alle fall i førstninga.

– Betyr det at du tenker på å flytte til Høyanger?

– Eg veit ikkje. det har eg ikkje rukke å tenke over enno.

Då Brekkhus kom til rådmannsjobben i Balestrand, var ho styreformann i Voss sparebank og administrerande direktør i Voss rehabiliteringssenter, ein jobb ho hadde hatt i 18 år. Ho har jobba eitt år som pleie- og omsorgssjef, ho er utdanna sjukepleiar og har tatt administrativ utdanning undervegs. Ho har og sote åtte år som varaordførar på Voss.

Ho har tre døtrer og fem barneborn.

Artikkeltags