Utagerande mann i 20-åra slo vakt på pub i Høyanger

Artikkelen er over 1 år gammel

HØYANGER: Ein mann tidleg i 20-åra var så vanskeleg å handtere at vakta på utestaden ringde politiet og bad om hjelp.

DEL

– Vi fekk melding klokka 01:30 natt til laurdag om at vaktene på ein pub i Høyanger hadde problem med ein gjest som var vanskeleg å kontrollere, seier Arve Samsonsen som er operasjonsleiar ved Vest politidistrikt.

Det skal ha vore eit slagsmål, og ein av kamphanane nekta å forlate utestaden, og det enda med at han slo ei vakt.

– Mannen skal vere i byrjinga av 20-åra, og han hadde gått frå staden før politipatruljen rakk fram.

Ifølgje Samsonsen har politiet vore i kontakt med vitne til hendinga, og politiet meiner dei veit kven den mistenkte mannen er.

– Med bakgrunn med informasjonen vi har, kjem politiet til å følgje opp denne saka, seier Samsonsen.

Artikkeltags