Bil hamna på sida på fv. 8 i Sogn

Artikkelen er over 1 år gammel

POLITI: Glatt vegbane skal vere årsaka til velten, seier politiet.

DEL

Litt før klokka halv fem laurdag morgon fekk politiet melding om at ein bil hadde køyrt av vegen og låg på sida ved Svartemyr mellom Bjordal og Oppedal.

Ikkje mistanke om rus

Sjåføren skal ha kome frå ulukka utan fysiske skader, og fekk assistanse frå bilbergar for å få bilen tilbake på vegen.

Årsaka til ulukka skal vere glatt vegbane.

– Det var speglglatt i ein sving som førde til utforkøyringa. Det er ikkje mistanke om rus, seier operasjonsleiar Gustav Landro i Vest politidistrikt.

Sparka i hotelldør

Det har elles vore ei roleg natt i fylket med få hendingar, seier Landro. Det einaste han trekk fram er ei hending på Scandic Sunnfjord Hotel & Spa rundt klokka 02.00.

Ein utanlandsk mann i 40-åra skal ha sparka i dørene til hotellet, ropt og skrike. Mannen var rusa og vart sendt rett heim då politiet kom til staden.

Han skal ikkje ha gjort skade på hotellet.

Artikkeltags