Superoverskot for Høyanger-oppdrettar

OVERSKOT: Osland Havbruk fekk eit overskot på nesten 130 millionar i 2017. Her er Kjetil Rørtveit som er dagleg leiar på Sørebø settefiskeanlegg, som er eit eige selskap under Osland havbruk.

OVERSKOT: Osland Havbruk fekk eit overskot på nesten 130 millionar i 2017. Her er Kjetil Rørtveit som er dagleg leiar på Sørebø settefiskeanlegg, som er eit eige selskap under Osland havbruk. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

NÆRINGSLIV: Dei høge lakseprisane gav det familieeigde oppdrettsselskapet Osland Havbruk i Høyanger eit overskot på 127,3 millionar kroner i fjor, men det er berre nesten rekord, skriv Bergens Tidende.

DEL

Oppdrettaren i Bjordal hadde i 2016 eit resultat før skatt på over 134 millionar kroner. Driftsinntektene det året var på 386 millionar kroner, mot 383 millionar i 2017.

– Vi synest dette er eit godt resultat, men så treng vi pengane til mange og store investeringar som ventar, seier samfunnskontakt Geir Helge Østerbø i Osland Havbruk til avisa.

Lakse- og regnbogeaure-konsernet med til saman 35 tilsette er mellom anna i gang med å byggje ein ny setjefiskhall og har òg planar om å utvide dotterselskapet Osland Stamfisk, der selskapet byggjer opp ein eigen stamme av regnbogeaure.

Osland Havbruk er det einaste oppdrettsselskapet i landet som er heileigd i tredje generasjon. Dagleg leiar og eigar Erik Osland er barnebarn av oppdrettspioneren Erling Osland, som starta aureoppdrett i Høyanger alt i 1963.

Artikkeltags